Tord Harald Skår har laga seg rom, og knallar inn utlikninga i ein kamp der AIK skapar ein del sjansar, men framstår temmeleg blotta for sjølvtillit.
Tord Harald Skår har laga seg rom, og knallar inn utlikninga i ein kamp der AIK skapar ein del sjansar, men framstår temmeleg blotta for sjølvtillit.

Poengdeling i botnkampen

Austevollherrane klarte til slutt 1-1 mot Åkra på Eidsbøen, etter å ha lege under 0-1 til pause. AIK sleit skikkeleg for kvila, men betra seg eit stykke ut i andreomgangen, etter rokeringar på laget. Totalt sett gjev innsatsen ,når ein tek motstanden i betraktning, grunn til endå større uro.

Tord Harald Skår har laga seg rom, og knallar inn utlikninga i ein kamp der AIK skapar ein del sjansar, men framstår temmeleg blotta for sjølvtillit.

Kampfakta:

Austevoll – Åkra 1-1 (0-1)

Mål: 0-1 Tim Batigov 30 min, 1-1 Tord Harald Skår 67

AIKs lag (4-4-2): John André Njåstad 3 – Henrik Melingen 4, Øystein Storebø 3, Alexander Dale 5, Edvard Johannes Hevrøy 5 – Inge André Rabben 6, Brede Storebø 6, Kurt Hovland 3 (Håvard Vassnes 65), Frode Storebø 5 – Tord Harald Skår 6, Trond Heggestad 3

Gule kort, AIK: Frode Storebø, Inge André Rabben, Henrik Melingen