Inge Andre Rabben sjefa på midtbanen. Foto: Lars Tore Klepsvik.
Inge Andre Rabben sjefa på midtbanen. Foto: Lars Tore Klepsvik.

Nyopnar handlemekka

Inge Halstensen meiner det nesten hadde vore kriminelt å ikkje utnytta potensialet i Bekkjarvik. Til helga nyopnar torget, så noko tid bak lås å slå vert det neppe.

Inge Halstensen i prat med Sturla Kolsås. Hans Inge Fagerbakke strekkjer elektriske kablar i bakgrunnen.

– Til helga markerer me ei ny tidsrekning for handlesenteret me har forsøkt å få på beina, konstaterer Inge Halstensen med eit avmålt smil. Sentereigaren i Bekkjarvik fortel at konseptet deira ikkje berre byggjer på å tilby ein stad der folk kan handla, men der det òg er ein sosial møtestad, krydra med kystkultur og historie. Fellesareala er på 1,2 mål.

– Med hjelp av mellom anna fotografi og båtmodellar, kan me visa utviklinga austevollingen har vore i gjennom dei siste 100 åra, smiler Inge engasjert. Spesielt for turistar av ymse slag er den levandegjorte kulturen og historia etterspurd vare. Når det straks er plass til 120 gjestande feriebåtar i og like utanfor sjølve Bekkjarvik, og det til og med er von om mindre cruiseskip på vitjing, ligg det til rette for at handleturen kan by for noko ekstra for hyttefolk, båtturistar og andre tilreisande.

Dobla arealet

Halstensen kjem likevel ikkje forbi at senteret dei har dobla arealet er mynta på øyfolket.

– Austevollingane er kvalitetsmedvitne. Me vil tilby dei det me er nøgde med sjølve, og standarden skal vera høg, seier Inge til Marsteinen, og synar lokalavisa rundt i senteret. På laurdag er det Vikki som nyopnar. Lokalet til Anne Gro Gjerde er dobla, lysekrunene er på plass, eikegolvet nyvaska, medan Sturla Kolsås ordnar med fibertelefon og Hans Inge Fagerbakke strekkjer elektriske kablar.

– Du skulle sett det her i går, men me er i rute no, seier Vikki-gründeren med eit smil. Butikken hennar får òg ny skoavdeling.

MøreNót har òg kome på plass med utsal i senteret, plassert der Spar-butikken heldt plass tidlegare. Også Kulturbakeriet får utsal i Bekkjarvik Torg. Og alle er nøgde.

– Handel avlar handel, meiner Inge, og legg til at det totalt vert 25 næringsaktørar av ulik art under taka på Bekkjarvik torg.

I same retning

Inge Halstensen meiner at heile Bekkjarvik dreg i den same retninga. Han rosar ikkje berre dei driftige leigetakarane i senteret sitt, men ausar verkeleg godord over naboen Bekkjarvik gjestgiveri. Dei kulinariske kunstane på kjøkenet deira er i seg sjølv blitt ein magnet på tilreisande.

– Fantastisk bra. Eg kan nesten ikkje tru den maten dei serverer, smattar Halstensen, som er snar til å redusera si eiga rolla i senterutvidinga.

– Nei veit du kva? Det er naturgitt. Ein skulle ha vore både kriminell og blind for å ikkje gjera desse grepa med utviding av senteret, byggja det nye inngangspartiet og vidareutvikla hamna, avsluttar den energiske sentereigaren.