Slik ser Sawicon og Magnarson for seg nybygget. Skroget er identisk med "Malene S.", men elles er det mykje ulikt.
Slik ser Sawicon og Magnarson for seg nybygget. Skroget er identisk med "Malene S.", men elles er det mykje ulikt.

Ny «Magnarson» på veg

Endeleg er tida komen for reiarlaget Magnarson til å kontrahera nybygg. Designen er levert av Sawicon og verft vert tyrkiske Çeliktrans, der «Malene S» no vert bygd.

Slik ser Sawicon og Magnarson for seg nybygget. Skroget er identisk med "Malene S.", men elles er det mykje ulikt.

– Me har arbeidd for dette i lang tid, og gleda er stor no når me har nybygg på gang, seier styreformann i Magnarson AS, Harald Taranger, til lokalavisa. Etter å ha drive reiarlaget med relativt gamle båtar, gler Magnarson-karane seg til å kunna leggja til kai, låsa dørene og gå heim, i staden for å setja i gang med evigvarande vedlikehaldsarbeid. No har dei seld gamle «Magnarson», og fiskar dermed kvotane med «Østanger». Om halvanna år vil nybåten vera klar til å takast i bruk.

– Tidlegare har me fokusert mykje på å skaffa oss kvotar, men når den nye utskiftingsordninga no er på plass, er tidspunktet for å tinga nybygg her, smiler Harald Taranger.

Liknar «Malene S»

Skrogutforminga av nybåten er nesten identisk med «Malene S», som no òg vert bygd i Tyrkia, medan resten av båten er ulik. Mest oppsiktsvekkjande i designen er eit ekstra panoramadekk på toppen av det regulære styrehuset, og dekket som er på eitt og same nivå over heile fartøyet, medan det òg blir laga plass til oljevernutstyr om bord i den industritrålaren, som òg vert utstyrt for bruk av nòt. Fartøygruppa som nye «Magnarson» tilhøyrer har no fritt val av fangstreiskap, noko som lettar fiskeria etter til dømes lodde. Trål vert nytta stort sett berre til kolmule og den viktige tobisen, som ringnótsegmentet normalt ikkje har kvote på.

– Fartøygruppa vår har den eldste gjennomsnittsalderen i havfiskeflåten og er no om lag 25 år, så behovet for fornying er skrikande. Me håpar på at det vert opna opp for like rammetilhøve som det ringnotgruppa har i dag òg vår grupa vår, seier Harald Taranger.

Tyrkia

Reiarlaget valde i likskap med reiarlaga Skårungen («Malene S») og Østerbris («Østerbris») Tyrkia som produksjonsstad for nybåten sin.

– Arbeidet verftet har gjort på «Malene S» er særs godt. Me er innstilte på å bruka mykje ressursar på kvalitetskontroll, men ved å nytta same verftet reknar me òg som ein fordel, konstaterer reiaren. Elles vert ein god del av utstyret om bord produsert av kjende leverandørar – mellom anna kan maskinane fort koma frå Wärtsilä og alle pumper fra Vest jet.

– Det er finansieringa som tek tid, og Tyrkia leverer vara til ein langt lågare pris enn både norsk og danske verft. Med norske eller danske prisar, hadde finansiering av nybygg vorte vanskeleg, meiner Harald.