Med gull i blikket

Om mindre enn ei veke er dei kvassaste kokkane i Europa i fredsam tvekamp om å verta kåra til kontinentets beste kokk. Ørjan Johannessen går for gull.

– Det er ingen tvil om at alt anna enn gull vil vera eit nederlag, seier meisterkokk Ørjan Johannessen til Marsteinen etter treningsøkt og ein seanse med aromaterapi i går. Laget har kome seg til rette og vil ha to gjennomkjøringar til før konkurransen, assistert av Eyvind Hellstrøm og Odd Ivar Solvold.

Kjendiskokk Eyvind Hellstrøm er blant dei som allereie har gitt den unge austevollingen Ørjan Johannessen tommelen opp for maten som vert servert dei kresne dommarganane i Bruxelles på onsdag.

–  Eg var på Ørjans presentasjon av menyen han skal delta med i Bocuse d’Or Europe, og det var rett og slett ekstremt imponerande. De kan slappa av, dette kommer til å gå veldig bra, sa meisteren bak gamle Bagatelle til pressekorpset før Ørjan si avreise til sjokolade- og teikneserielandet, der EM altså går av stabelen.

Menyen er foreløpig hemmeleg, men skal bestå av sjøtunge med reker og Label Rouge kylling. I fylgje Horeca vert dei siste dagane før konkurransen nytta til å finslipa dei aller siste detaljane.

Marsteinen vil vera til stades i Bruxelles, og satsar på å oppdatera verdsveven under vegs i konkurransen og bringa dei ferske konkurranseresultata til avisa på torsdagen.

TrH

Julie Ekse Jenssen og Ørjan Johannessen går snart til verket. Foto: Impuls.