Amm.lekkasje

Ammoniakutslepp ved Austevoll fiskeindustri

Det vart like før klokka 11 meldt om ammoniakutslepp ved Austevoll fiskeindustri. Bygningen vart evakuert og blir  gjenomsøkt av røykdykkarar som var på veg med «Rygervakt». Politi, brannvesen og ambulanse er på staden.

– Alle er i fylgje brannvesenet evakuerte, men det skal vera mengder med flytande ammoniak inne i bygningen. Frå utsida ser me at det ryk frå fiskeindustrien, seier Marsteinen-journalist Maria Fehr Johansen som er på staden akkurat no.

Brannvesenet prøver å få kontroll over ammoniakklekkasjen i Austevoll Fiskeindustri mens dei venter på kjemikaliedykkarar frå Bergen. Her går dei inn med ventilasjon for å få gasskyen ned i dråpeform.