Skjermbilde 2012-01-24 kl. 15.07.45

Gjestgiveriet kjøper opp PO-senteret

Etter mykje att og fram har Bekkjarvik gjestgiveri no gått inn for å kjøpa opp PO-senteret på Selbjørn. Bygget vil fungera som ei utviding av hotellet og vil verta brukt til overnatting.

– Etter å ha tenkt oss nøye om bestemde me oss for å kjøpa bygget. Me ser eit stort potensiale i dette prosjektet, fortel Øystein Johannessen til Marsteinen.

 Godt tilrettelagt

PO-senteret ligg godt til rette slik at familien Johannessen ved Bekkjarvik gjestgiveri kan leija ut romma til overnatting. Men dei kan slå fast at samarbeidet dei har med Inge Halstensen vil fortsetta framover som før.

– Dette er noko me har planlagt ei god stund før me bestemte oss for å gå for kjøpet. Etter nøye gjennomtenking fann me ut at det passa både med omsyn til økonomi og plassering. Sidan bygget er såpass nært kan me få til ein fin logistikk, fortel Øystein som legg til at han gleder seg til å ta i bruk romma.

Vidareutvikling av hotellet

Men det er eit par ting som skal på plass før dei kjem i gong. I fyrste omgang skal papira vera i orden.

– Me vil byrja med å pussa opp, men den nye delen vil me nok få i drift ganske fort. Me reknar med å ha overtatt bygget ved utgangen av mars, fortel Johannessen.

Familien kan fortelja at kjøpet er ein del av eit større prosjekt som dei har jobba med ei tid.

– Det blir spanande. Dette blir ein vidareutvikling av det me allereie har jobba med, seier Øystein.

Som Marsteinen har skrive om for nokre veker sidan held dei på med utbyggjing av kjøkken, garderobar og toalett. At det blir meir liv på gjestgiveriet framover skal ein ikkje sjå vekk frå no som dei to sønene i familiebedrifta etter kvart kjem heim.