Slik kan det verta sjåande ut på Prestaneset om nokre år. Illustrasjon: Tippetue arkitekter.
Slik kan det verta sjåande ut på Prestaneset om nokre år. Illustrasjon: Tippetue arkitekter.

Fullversjon: Storebø ser til sjøen

Idéskissene til Prestaneset er klare. 60 bueiningar, 2 500 kvadratmeter til næring, parkering i fjellhall og arkitektur som blandar tradisjon og nytenking er det investorane og kommunen vil ha attendemeldingar på.

Slik kan det verta sjåande ut på Prestaneset om nokre år. Illustrasjon: Tippetue arkitekter.

Med inspirasjon henta frå mellom anna naustmiljøet i Kvalvågen, har Tippetue arkitekter utforma ei idéskisse til korleis Storebø kan få ein pulserande sjøfront. Bak står investorane Helge Møgster, Mangus Stangeland og Jostein Blænes. Med 60 bueiningar og 2 500 kvadratmeter næringslokale, tek planane jamvel vare på dei bartrekledde åsane oppe på høgdedraget.

– Me vil gjerne høyra kva folk synest om planane, seier Magnus Stangeland til lokalavisa. Jostein Blænes supplerer med at dei håpar at bygdefolket synest at det er eit rett strategisk grep å fokusera på sjølina, som dei kjem til å binda saman med Indreholmen med gangveg, der ein kan gå langs promenaden forbi bygga som er planlagde og gjerne ut til Holsundholmen like utanfor kaiane. Eit av dei sentrale grepa er å ikkje ha bustadar på grunnflata, då dette kan ha ein privatiserande effekt, melder gruppa som arbeider med prosjektet. Parkering, buer og tilkomst vert sprengd inn i fjellet, og skånar dei trekledde årsane.

Inn i kommuneplanen

Austevoll kommune er òg med på laget og vil etter alt å døma sy tiltaket inn i  kommuneplanen.

– Me ynskjer å retta Storebø mot sjøsida og skapa aktivitet, slik me ser dei har lukkast med i Bekkjarvik og på Bakkasundet, seier ordførar Helge André Njåstad. Utbyggjarane har allereie vore i dialog med fylkesmannen, som er positivt innstilt, dersom tiltaket signaliserer eit ynskje om å fortetta sentrum.

– Endringa er at me til ein viss grad vil gå bort frå standarden med eigebustadar og tomt på to mål òg i sentrumsområda, og heller satsa på leilegheiter, seier Njåstad. Utan at folk på Stolmen eller Storekalsøy treng å engsta seg for strukturen der ute, legg han til.

Magnus Stangeland konstaterer vidare at tilsette i næringslivet har eit genuint behov for bustadar, og at ein noko rimelegare leilegheit kan vera ein flott inngangsbillett til arbeidsmarknaden for den litt yngre garde.

I fylgje Stangeland må ein sjå på prosjektet i eit 20-årsperspektiv, men dersom tiltaket vert baka inn i kommuneplanen som skal vedtakast i 2012, kan arbeidet med infrastrukturen ta fatt allereie året etterpå.

Tippetue arkitekter har teikna seks bygg på Prestaneset, med inspirasjon frå mellom anna Trelasten og dei omkringliggande bygningane i Kvalvågen. Dagleg leiar Mette Rakner fortel at bygningane er teikna inn og tilpassa landskapet, og det er lagt vekt på å skapa gode uterom og samstundes byggja på kulturidentiteten til kystfolket.

– Trass i dei tradisjonsrike formane, er dette ein moderne måte å byggja på, der du unngår autoritære eller kalde trekk, avsluttar sivilarkitekt Rakner.

Annan vinkel.

Storebø kystby at night.

Av Trond Hagenes

Kartutsnitt for planen til Helge Møgster, Magnus Stangeland og Jostein Blænes.