Sp tek frå Høgre

Etter den endelege oppteljinga av stemmer i går, vart det klart at Senterpartiet fekk det siste mandatet, som lenge såg ut til å hamna hos Høgre. Dermed er det Edvard Johannes Stangeland og Lars Knut Aarland frå Sp som vert å finna i kommunestyremøta frå hausten av. Høgre sit at med seks mandat, ei auke på eitt frå førre val.