"H. Østervold" lossar makrell for harde livet. Foto: Knut Inge Østervold
"H. Østervold" lossar makrell for harde livet. Foto: Knut Inge Østervold

Drømmekast til «H. Østervold»

Ringnótbåten «H. Østervold» frå Torangsvåg tok laurdag eit drømmetreff på makrellfisket. I eitt og same kast fek dei 750 tonn makrell, som dei attpåtil fekk heile 12,77 kroner kiloen for. Det gav 9,57 millionar kroner på kontoen til ringnótbåten.

"H. Østervold" lossar makrell for harde livet. Foto: Knut Inge Østervold

– Oppkjøparane er strålande nøge med kvaliteten, seier skipper Knut Inge Østervold frå Egersund, der den dyrebare lasta no snart er pumpa på land. Østervold fortel om fine tilhøve på feltet, men at dei hadde brukt eitt døger på å finna lasta før makrellen dukka opp. Fiskebåten som på folkemunne berre blir omtala som «Hådn», skal i år fiskea både eigen og «Hundvåkøy» si havarikvote. Det gjev tett oppunder 3 500 tonn makrell.

– Eg er optimistisk med tanke på resten av makrellsesongen – òg for NVG- silda, der me har om lag 4 000 tonn att å fiska. I vinter tok me opp 3 000 tonn, og som i fjor trur eg prisane kjem til å auka på hausten, seier Knut Inge Østervold til Marsteinen.