Samanlikna med kommunevalet for fire år sidan, viser Norfakta/Marsteinen sitt valbarometer ein fenomenal framgang for Høgre – på 11,4 prosent. Dei ligg no an til å få 31 prosent av austevollstemmene.

Julie Eide Solbakken (H) understrekar at ho er med på ei sterk liste med mykje god og variert kompetanse blant kandidatane.
– Me har verkeleg lyst å komma oss i posisjon, og få gjennomslag for politikken vår, seier den entusiastiske ordførarkandidaten. Høgre ynskjer å styrka satsinga på kjerneoppgåvene til kommunen – skule og helse, seier Eide Solbakken til Marsteinen.
Helge André Njåstad er framleis den klart mest populære ordførarkandidaten, men partiet ser likevel ut til å få ein attendegang frå sist val.
Heile valbarometeret får du i avisa på torsdag.