Simon Næss, Nick Rios Haugen og kampen store profil Jonny Furdal kunne jubla tid og ofte etter enkel match mot heimelagets Andreas Risøy og Ansgar Kalvenes.
Simon Næss, Nick Rios Haugen og kampen store profil Jonny Furdal kunne jubla tid og ofte etter enkel match mot heimelagets Andreas Risøy og Ansgar Kalvenes.

Avkledd av Nest

Elementære forsvarsfeil og dårleg konsentrasjon av AIK, gav Jonny Furdal, Nick Ris Haugen og Simen Næss frå Nest Sotra enkle arbeidsforhold på Eidsbøen. Botnlaget Nest vann til slutt 6-2, og klatra forbi Austevoll på tabellen.

AIK gav frå seg alle poenga i kampen dei ikkje måtte tapa, mot botnlaget Nest Sotra. Heimelaget vart felt på enkle feil, og låg tidleg under med 0-2 etter Nick Rios Haugen fekk skyta upressa frå 20 meter etter 11 minutt og Jonny Furdal fekk enormt armslag etter balltap av AIK.

Før det hadde Nest vore farlege på dødballar, og kunne fort ha leia endå meir.

Kva så med dei oransje? Etter kalddusjen reiste dei seg, og spelta betre fotball mot slutten av omgangen. Etter kvila vart det endå betre. Trond Heggestad fekk sjansen frå straffemerket etter hands på ein av dei grøne. 1-2. Same Heggestad var like etter farleg frampå og testa dagens gode Nest-målvakt Kristian Solheim. I same periode framstod Kristoffer Østervold som ein flott offensiv spelartype, medan Ørjan Haugland drog full nytte av farten sin.

Trond Heggestad tråklar seg forbi Robin Øvrevik på 1-2. Keeper var godt med, og øydelegg AIK-offensiven med ein flott parade. Augneblinken etterpå gjer Furdal 1-3.

Mot spelets gang, slo Nest kontra, og Furdal fekk både rom og tid til å lobba over Østervold, som med fordel kunne heldt seg nærare nettmaskene sine. Korthuset rasa saman etter at Tord Harald Skår urutinert drog ned Nick Rios Haugen som sistemann og fekk eit soleklart raudt kort. Nest gjorde ingen feil frå straffemerket.

Bortelaget heldt fram med å leika seg mot ti mann, og fekk seg to scoringar til før dei gav seg. I tillegg redda innbyttar Daniel Gall ein ball på streken. Ein av få AIK-arar som får godkjent i dag, Ørjan Haugland, pynta på det nedstemmande resultatet på overtid med å pælma ballen over keeper frå 45 meter. Bra sett på ein dag der dei oransje sin mangel på breidde i stallen nok ein gong vart avslørt.

Kampfakta:

Austevoll – Nest-Sotra 2-6

Austevoll kunstgrass, 28. mai 2011

Mål: 0-1 Nick Rios Haugen (11), 0-2 Jonny Furdal (19), 1-2 Trond Heggestad (str 49), 1-3 Jonny Furdal 58, 1-4 Straffe 63, 1-5 Nick Rios Haugen 78, 1-6 Simen Næss 85, 2-6 Ørjan Haugland 90

AIKs lag (4-3-2-1): Harald Østervold – Øystein Storebø, Ansgar Kalvenes, Andreas Risøy, Tord Harald Skår – Ørjan Haugland, Alexander Dale, Kristoffer Østervold (Daniel Gall 68) – Frode Storebø (Remi Haugland 79), Kurt Hovland (Adrian Hovland 68) – Trond Heggestad