Trond Heggestad vert dregen ned, og dommaren dømmer korrekt straffe. Heggestad ordnar sjølv 2-0 frå kritmerket.
Trond Heggestad vert dregen ned, og dommaren dømmer korrekt straffe. Heggestad ordnar sjølv 2-0 frå kritmerket.

Austevoll – Odd Grenland 2-1

Trond Heggestad vert dregen ned, og dommaren dømmer korrekt straffe. Heggestad ordnar sjølv 2-0 frå kritmerket.

Med eit særs opplagt midtstopparpar i Ørjan Haugland og Ansgar Kalvenes og vaken målvakt Harald Østervold – og naturlegvis toppscorar Trond Heggestad -i hovudrollene, tok AIK den fyrste trepoengaren sin i andredivisjon.

Heimelaget dominerte før pause, etter at dei hadde gått i leiinga allreie etter sju minutt, då Trond Heggestad kriga inn 1-0 etter flott forarbeid av Christian Møgster. 2-0 kom på straffe, etter at Heggestad vart heldt på streken på dødball.

Etter pause opna kampen seg meir opp, og det kunne vore mål i begge endar. Mellom anna knalla Tord Harald Skår ballen i tverrliggjaren etter sterk tilrettelegging av Heggestad. Odd Grenland fekk fortent redusering på overtid, men ikkje utan at ein av kampens aller beste, Harald Østervold fekk ei hand òg på denne ballen.

Les meir om kampen i avisa på torsdag.

Knallskot - strak vrist og i tverrliggjaren. Sterkt av Skår.

Kampfakta:

Mål: 1-0 Trond Heggestad (7), 2-0 Trond Heggestad (str 42), 2-1 Odd Grenland (90).

AIKs lag (4-4-2): Harald Østervold  – Øystein Storebø, Ansgar Kalvenes, Ørjan Haugland, Håvard Vassnes – Christian Møgster (Daniel Gall 75), Kurt Hovland, Alexander Dale (Kristoffer Østervold 87), Thomas Haugland (Adrian Hovland 79) – Tord Harald Skår , Trond Heggestad.

Gult kort: Håvard Vassnes.