Større fridom i strandsona for Austevoll

Illustrasjonsfoto

Då det den nye strandsoneføreskrifta vart lagt fram i dag vart det klart at Austevoll er ein av kommunane som får større lokal råderett i strandsona. Austevoll kommune går frå å vera i strengaste kategori saman med Oslofjorden til den minst strenge kategorien på lik line med heile Nord-Noreg. Den nye føreskrifta legg vekt på sterkare lokal styring der kommunane òg får høve til å differansiering innad i kommunen. Det vil bli mindre overstyring frå Fylkesmannen si side.Både ordførar Helga André Njåstad og statssekretær i kommunal- og regionaldepartementet og austevolling i regjeringa Hege Solbakken seier at dette er ein stor dag for Austevoll.

– Dette er kjempebra! No ventar me at Fylkesmannen skal verta meir omgjengeleg. Eg vil òg berre seia at me har sett kva arbeid Hege Solbakken har gjort for oss. Det visar kor viktig det er å ha ein austevolling i sentrale posisjonar på løvebakken, seier Helge André Njåstad.

– Dette er ei sak me har arbeidd mykje med og me har kjørt saka hardt sidan høyringsrunden. Det er enormt viktig at kommunane blir teken på alvor og at lokal kunnskap blir lagt til grunn. Denne sigeren skal feirast, seier Hege Solbakken.