KarlJohan

Karl Johan fekk kulturprisen for andre gang

Formannskapet valde i 2010 å tildela kulturprisen til tidlegare skule- og kultursjef Karl Johan Haugland, som òg fekk utmerkinga i 1995.

Ordførar Helge André Njåstad delte ut kulturprisen for 2010 i daglegstova på Storebø pleie- og omsorgssenter. Njåstad sa i tala si at prisen vart gjeve til Haugland for mange års godt arbeid for kultur og idrett i Austevoll og nemte spesielt innsatsen for Huftamartunet, turstiar, kystkultur og idrett, heiter det i ei pressemelding. Dette var nokre døme på område der Haugland sin innsats har vore særs stor, og langt utover det ein kunna forventa frå ein tilsett i kommunen. Njåstad gratulerte frå formannskapet og sa at tildelinga sjølvsagt var samrøystes. Familie, vennar og forslagstillarane var saman med kommuneleiinga til stades på utdelinga. Det var Storebø kvinne og familielag, Huftarøy husflidslag og Asbjørg Aasebø som alle hadde kome med framlegg om å gje prisen til Haugland.

Karl Johan Haugland (arkivfoto)