Bekkjarvikomsorgsbustadar

Går for Bekkjarvik

Austevoll kommune investerer nærare 30 millionar kroner på omsorgsbustadar i Bekkjarvik. Det blir best i verda, meiner ordførar Njåstad.

Omsorgsbustadane vert i andrehøgda, atriumsnivå. Her er det planlagt variert grøntanlegg, med grønsakshagar, drivhus og møteplassar, opplyser arkitekt J. K. Nielsen til Marsteinen.