vandrehjem01

Visste minst – vann tur

Tina Schrøder Knutseth, Bjørn Grindheim, Therese Henriksen og Geir Eidsvik vann "blåtur".
Tina Schrøder Knutseth, Bjørn Grindheim, Therese Henriksen og Geir Eidsvik svarte alt feil på Norske Vandrehjem sin konkurranse om landet. Premie: Ni dagar med blåtur rundt i Noreg!

Heldigvis var konkurransen lagt opp slik at dei som hadde flest feil på kortast tid, vann.
– For å vite kva som er feil, bør ein jo fyrst vite kva som er riktig. Så eigentleg er me jo smarte, forsvarar Therese og ler. I dag byrjar den ni dagar lange vinterferien til venegjengen frå Austevoll.

Kjører mot Oslo
Det er ikkje mykje dei veit om turen dei i dag legg ut på, anna enn kvar dei skal overnatta og at skiutstyr er ein fordel å ha med seg.
– No reiser me fyrst til Flesland, der me skal henta ein leigebil og kjøre til Voss, seier Tina. Firarbanden blir på Voss til måndag, då turen går vidare mot Geilo, Lillehammer og til slutt Oslo på fredag.
– Me har berre fått beskjed om å melda frå i resepsjonane me kjem til, resten er overraskingar, fortel Geir.

Kva gjengen får oppleva på turen, kan du lesa meir om i ei komande papirutgåve av Marsteinen.