gutar1999

Samla alle

Austevoll idrettsklubb, Selbjørn idrettslag og Hundvåkøy idrettslag har samla alle gutane i 1999-kullet til fellestreningar. Marsteinen var på besøk på torsdagskvelden, og kjem med sak i avisa til veka.
– Jau, det er kjekt dette, sa mellom andre Haldor Ø. Stenevik frå SIL, og peika på at krinstrenar Petter Johan Pettersen var til stades og leia treninga.
Her er alle gutane samla på eitt brett, og som trenarveteran Tore Bjånesøy sa det.
– Jau, her er det mange emne som kan ta opp arven etter Inge André Rabben og Brede Storebø, berre dei held fram dit dei stemner no.