Kommuneoverlege dr Inger Uglenes kan konstatera at det vert betre arbeidstilhøve for dei tilsette i alle ledd når oppussinga endeleg vert ferdig. Mellom anna får legesekretærane eiga luke.
Kommuneoverlege dr Inger Uglenes kan konstatera at det vert betre arbeidstilhøve for dei tilsette i alle ledd når oppussinga endeleg vert ferdig. Mellom anna får legesekretærane eiga luke.

Legane moderniserer

Kommuneoverlege dr Inger Uglenes kan konstatera at det vert betre arbeidstilhøve for dei tilsette i alle ledd når oppussinga endeleg vert ferdig. Mellom anna får legesekretærane eiga luke.

Måndag ventar nye lokale for legar og pasientar på Storebø og i neste veke startar dei, saman med Bekkjarvik, opp tenester på sms og internett.

Når legesenteret på Storebø opnar opp att på måndag vert det til større og nyoppussa lokale. Lysare veggar og nytt møblement skal bidra til å gjera det trivelegare for både tilsette og brukarar.
Den største endringa utsjånadsmessig vert at barnevernet har flytta kontora sine opp i andreetasje. Det medfører at helsestasjonen får større og betre tilpassa plass, med eit kontor meir enn dei hadde. Det gjer at dei kan ta i mot fleire brukarar.
Det same kan dei på legekontoret, der dei får ein lege til. Når legekontoret på Hundvåkøy vert lagt ned i samband med at doktor Finn Dyngvold går av med pensjon etter mange års tru teneste, vert denne stillinga overført til Storebø. Dei tre legane som skal praktisera her vert då Inger Uglenes, Marianne Arnestad og Astrid Bjørstad, som overtek for doktor Dyngvold. Pasientane hans vil automastisk verta overførte til Bjørstad.
– Bjørstad er for tida i permisjon, og trer inn i stillinga frå september. Fram til då skal Jukka Hautajärvi vikariera. Den finsk-svenske legen har jobba i Austevoll tidlegare, seinast i fjor vår, informerer kommuneoverlege Uglenes.
Ho satsar på at den stadige utskiftinga av legar i kommunen no er historie. Dette mellom anna fordi at to av legane er fastbuande i kommunen og den tredje bur på Krokeide, men òg fordi dei no er fleire legar om å ta legevakttenesta utanom kontortida, noko som gjev langt betre arbeidstilhøve.

Sms og nett
Det er ikkje berre lokala som vert moderniserte, det same vert tilgjengelegheita. Frå 25. Februar startar dei opp eit nytt kontaktsystem, i tillegg til at dei får nye nettsider. Dette gjeld både for legekontora på Storebø og i Bekkjarvik. Det nye systemet går ut på at ein kan bestilla time via sms eller nettsidene deira, i tillegg til på telefon. På nettsidene kan ein òg bestilla medisinar.
– Ein at dei største fordelane med dei nye sidene er at me kan leggja ut informasjon på engelsk, då mange av brukarane våre ikkje snakkar eller les norsk, seier Uglenes.
Telefontenesta vert òg oppdatert. Det skal verta lettare å komma igjennom på telefon, og dersom ingen svarar får ein beskjed om kva ein kan gjera i staden, for å få kontakt.