5. plass samanlagt

Skeiseløpar Hanne Haugland kom på femteplass samanlagt på 500-meter. I sitt fyrste løp på distansen gjekk ho inn til ein tredjeplass med tida 40,83. I det andre løpet var ho uheldig i siste sving og kom inn på 16. plass. Den argaste konkurrenten hennar, Hege Bøkko, kom på 7.plass. På den samanlagte allroundlista kom Hanne Haugland på ein tiandeplass. Ho er no teken ut til å gå junior World Cup i helga.