Nyheter

Fullversjon: Bånn gass for motocrossbanen

Austevoll motorsportklubb får 800 000 kroner av det kommunale investeringsbudsjettet i 2012. No ventar dei berre på at entreprenøren vert ledig. – Dette betyr kjempemasse for klubben, seier leiar Mai Britt Østervold til Marsteinen. I nærare to år har manglande midlar vore det einaste som stogga bygginga av den 465 meter lange motocrossbanen på Eidsbøen. […]

Bocuse d’Ørjan

Ørjan Johannessen har den prestisjefylte tittelen Årets kokk 2011. No trenar han dag ut og dag inn på sitt litle kjøkken i Sandefjord med ein tanke i hovudet: å vinna Bocuse d’Or Europa i mars, kanskje til og med VM i Lyon i 2013. Me har vitja meisterkokken under førebuingane i Sandefjord.

Skulejul

Både Snekker Andersen og Piken med svovelstikkene har vore innom skulane i Austevoll i førjulstida. Bli med Marsteinen på ein rundtur til alle barneskulane i kommunen.

Starta butikk i Bergen

Familien Jørgensen gjekk frå fiskeoppdrett på Møkster til moteindustri i Bergen. No eig og driv dei tre butikkar på Nesttun og Lagunen.  – Ein tøff bransje, seier Heidi Nesse som er daglig leiar for butikkane.

Landslagsmannen

Tresor Egholm frå Storebø er ein av dei mest sentrale spelarane på innefotballandslaget, som no er eit par kvalikkampar frå VM neste år. Les om han og futsallandslaget i avisa denne veka.

Rekordår gjev nybygg

Trass i at det vert færre båtar i den austevollske ringnòtflåten, stig totalverdiane på fangstane. Det betyr at fleire nybygg kjem på beddinga. Les saka på trykk torsdag.

Overtek oppfylging av hjartepasientar

På nyåret treng ikkje hjartepasientar frå Austevoll lenger dra inn til Krokeidesenteret på fastlandet for oppfylging og trening. Då tek Siren Margrethe Økland ved Livsstilsenteret over gruppa med austevollingar for May Lisbeth Ohnstad på Krokeide.

Drøymer om å bli proff

Joachim Bjånesøy er ein av fire femtenåringar frå Hordaland som er teken ut til eit regionalt treningslag for Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Til sommaren håpar han på å bli plukka ut til landslaget for dei på femten år og yngre, på lengre sikt lokkar White Hart Lane.

Svensk Austevoll-frøken

Ho måtte reisa til Australia for å finna den store kjærleiken – ein svenske. Deretter vart Söta bror heimstaden til Astrid Møgster (21).Møt kolbeinsvikjenta i spalta Kor vart dei av?

Vakna til mareritt

Klokka fem natt til måndag fekk rektor ved Austevoll vidaregåande skule ein telefon han godt kunne vore forutan. Skulen brenn, var meldinga.– Det verste var å oppleva at slikt i det heile teke kan skje, seier Håvard Rabben.

Juleklang på Selbjørn

Ragnhild Cathrine, Mandana og Astrid fekk det til å gå varmt om hjarterøtene til Marsteinen sin utsende då Hjarteklang inviterte på førjulsvarme.Les meldinga frå Hjarteklang-konserten i vekas Marsteinen.

Framstegspartiet og Senterpartiet allierte om budsjettet

I dagens kommunestyremøte fekk Framstegspartiet og Senterpartiet fleirtal for budsjettframlegget sitt for 2012 med tilhøyrande økonomiplan. Det betyr mellom anna at det vert bede om å førebua sak om konkurranseutsetting av pleie- og omsorgstenestene. KrF og Arbeidarpartiet stemte for Høgre sitt budsjettframlegg.

Kulturprisen til Rasmus Kåre

Austevoll kommune sin kulturpris 2011 går til Aik si supereldsjel Rasmus Kåre Storebø. I grunngjevinga heitte det av Rasmus Kåre er den fyrste mange tenkjer på når ein skal assosiera ordet eldsjel, og at han har arbeidd dugnad for fotballgruppa utover det som ei normalarbeidsveke ville representert. Prisen vart teke i mot av kona Irene […]

Brann ved Austevoll vgs

Klokka 07.25 var brannen under kontroll, men enno ikkje slokna. Det var full brann i den gamle delen ved Austevoll vidaregåande skule i dag tidleg. Brannen starta like før klokka 04.30, og vart meld slokna klokka 08.Det såkalla tårnet ved bygningen har fått store skadar i brannen, som lukkelegvis ikkje spreidde seg til resten av […]

«Rygervakt» døypt i dag

Austevoll sin nye ambulansebåt vart døypt samstundes som ambulansestasjonen vart formelt opna. Les kort reportasje i avisa på torsdagen.